Å finna seg sjølv
«Lady Bird» stadfestar at puberteten alltid er mest underhaldande i tilbakeblikk.

(USA, 2017)
Regi og manus: Greta Gerwig
Med: Saoirse Ronan, Laurie Metcalf, Tracy Letts, Timothée Chalamet, Lucas Hedges, Beanie Feldstein
Lengde: 1 t. 33 min.
Den som meiner California er hedonistisk, har aldri feira jul i Sacramento. Utsegna er kreditert forfattaren Joan Didion og står som eit ironisk motto på forteksten til «Lady Bird», Greta Gerwigs Oscar-nominerte regidebut. Sitatet introduserer tittelpersonens haldning til byen som både ho og den jamgamle filmskaparen hennar er fødde i. Det er grunn til å tru at ein god del av Gerwigs oppvekstminne har funne vegen inn i manus. Filmens struktur gjev også assosiasjonar til minner.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent