Sexy sadisme?

(USA, 2018)
Regi: Francis Lawrence
Manus: Justin Haythe, etter Jason Matthews roman
Med: Jennifer Lawrence, Joel Edgerton, Matthias Schoenaerts, Charlotte Rampling
Lengde: 2 t. 19 min.
«Red Sparrow» er eit meiningslaust bomskot som det tar nær to og ein halv time å fyra av. Ut frå filmen er det vanskeleg å forstå at manus byggjer på boka til ein mann med 30 års røynsle frå CIA. Det er også vanskeleg å forstå at regissør Francis Lawrence kan ha laga det progressive kvinneportrettet av Katniss Everdeen i «The Hunger Games – Mockingjay» (også det med Jennifer Lawrence). Hadde det ikkje vore for at vi kjenner att fjesa, ville vi heller ikkje trudd at filmen var full av skodespelarar som kan velja og vraka i arbeid.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn