Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Då yrkeskvinna kom til verda

Dei trossa motstand for å trygga mor og barn ved fødsel. Jordmorskulen var den første yrkesutdanninga for kvinner i Norge.

KLAR TIL UTRYKKING: Jordmor Karen Klokkerhaug frå Folldal i Hedmark med sykkel og jordmorveska. FOTO: UKJENT, MUSEA I NORD-ØSTERDALEN

I år har Noreg verkeleg noko å feire. Det er 200 år sidan den første institusjonen for yrkesutdanning av kvinner her i landet opna dørene, jordmorskulen i Kristiania. Ein må hugse på at norske kvinner ikkje fekk ta artium eller studere på universitetet før i første halvdel av 1880-talet. Sjukepleiarar var heller ikkje vanlege før på slutten av 1800-talet. Jordmorutdanninga var ikkje berre den første utdanninga for kvinner utanom grunnskulen og den første profesjonsutdanninga for kvinner, men jordmødrene var òg dei første offentleg tilsette kvinnene i Noreg. Og dei skulle få ein formidabel innverknad på folket sine levekår.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?