I år har Noreg verkeleg noko å feire. Det er 200 år sidan den første institusjonen for yrkesutdanning av kvinner her i landet opna dørene, jordmorskulen i Kristiania. Ein må hugse på at norske kvinner ikkje fekk ta artium eller studere på universitetet før i første halvdel av 1880-talet. Sjukepleiarar var heller ikkje vanlege før på slutten av 1800-talet. Jordmorutdanninga var ikkje berre den første utdanninga for kvinner utanom grunnskulen og den første profesjonsutdanninga for kvinner, men jordmødrene var òg dei første offentleg tilsette kvinnene i Noreg. Og dei skulle få ein formidabel innverknad på folket sine levekår.