Ønsket om å bli elska leier til sjølvbedrag.
(Un beau soleil intérieur, Frankrike, 2017)
Regi: Claire Denis.
Manus: Christine Angot, Claire Denis.
Med: Juliette Binoche, Xavier Beauvois, Gérard Depardieu.
Lengde: 1 t. 34 min.
«Det er som om kjærleikslivet mitt er over», fortvilar Isabelle. Panikken er kjent, og han letnar ikkje med åra, heller ikkje for ei attraktiv, utovervendt og sjølvstendig kvinne som den skilde Isabelle: Ein bildekunstnar med suksess og eit arbeid som gjev meining for henne. Likevel bruker ho energien sin på desperat søking etter den store kjærleiken.