Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor fælt kan dei ha det, alle dei skoleungane som blir mobba?

Det daglege sviket

«Det eg opplevde på Utøya var ingenting i forhold til mobbinga på skolen», sa femtenåringen. Han fortalde det til psykologen og foreldra sine etter at han hadde komme fysisk uskadd frå terroraksjonen i Tyrifjorden i 2011. Samanlikninga verka himmelropande urimeleg. For foreldra var ho eit uttrykk for at sonen var djupt traumatisert etter det som hadde skjedd nokre dagar før.