Slaget om Vestlandet er ikkje over. Det murrar framleis i omlandet etter at Hordaland og Sogn og Fjordane blei samla til eitt fylke med Bergen som midtpunkt. Arbeidet med å legga ned dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane går føre seg for fullt. I januar 2020 skal Vestlandet vera klart. Harselering over ranet av namnet Vestlandet har sjølvsagt gått føre seg over kaffikoppen gjennom jula, særleg i Rogaland og Møre og Romsdal. Men no er det også starta ein underskriftskampanje på Stord for å få dei sørlegaste kommunane i Hordaland over i Rogaland.
Fylkeskommunen vurderer garantinekt for prestisjeprosjektet Rogfast
Bompengeinntekter kan svikte
Gunnar Wiederstrøm, Bergen
FASTLANDSFORBINDELSE: Vegprosjekta Rogfast og Ryfast skal gjere E39 ferjefri. No står prosjektet i fare for å verte utkonkurrert av nettopp ferjer.
Rogaland fylkeskommune vurderer å seie nei til å gje garanti på låna som må til for å finansiere vegprosjektet Rogfast. Dette er ein viktig del av det nasjonale prestisjeprosjektet ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim.