Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ogigami Naokos filmar er terapeutiske i sin lågmælte kritikk av både japansk og vår felles modernitet. No er filmskaparen i Tromsø.

Sjarmerer med sakte liv og små gleder

MORGONGYM MED BRILLER: I komedien «Briller» (2007) møter vi tre av skodespelarane som har sett sitt preg på Ogigami Naokos kvinnefokuserte filmar. FOTO: ARTHAUS

Strikkeparet Arne & Carlos har inspirert den japansk filmen «Close-Knit».

Denne veka gjestar den japanske filmskaparen Ogigami Naoko Tromsø internasjonale filmfestival. Ved sida av pioneren Kawase Naomi («Under kirsebærtrærne», 2015) har Ogigami inntil nyleg vore ei av svært få kvinnelege japanske regissørar med ein større filmografi. Ho skriv sjølv manus til filmane sine, som har ein særmerkt tematisk og estetisk signatur.