Under pressekonferansen etter møtet i Aps sentralstyre 2. januar gjentok partileiar Støre uttrykket «ifølge regelverket» dusinet gonger. Kva for regelverk? Jo, regelverket for handsaming av seksuell trakassering i Ap. Ingen stader i oppslaga om Giske-saka har eg funne sitat frå eller kjeldehenvising til dette så omtalte regelverket, til dømes om partileiars tiltreding. Korso var inntrykket at regelverket for seksuell trakassering skulle følgjast til punkt og prikke.
Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.