Over himmelen kom eit varmande, fint ljos
For rundt 50 år sidan gjekk eg frå hus til hus over store delar av Norge for å selja ei bok eg hadde skrive. Eg hadde verken sertifikat eller bil. Derfor var eg pent nødt til å gå. Det gjorde det naturleg å prate med mange av dei eg møtte. Ein dag kom eg i snakk med ein 95 år gammal mann. Han fortalde at han var like glad i kvinner som han hadde vore i yngre år. Det var godt å høyre. Tenk å vera så gammal og likevel vera fylt av ei slik fin glede. Alle mørke tankar om ein trist og gledefattig alderdom vart borte. Over himmelen kom eit varmande og fint ljos. For ein rikdom at gleda som kvinner gir, kan vara livet ut.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn