Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kvinnebodskap

Kvinnene i Hollywood kom godt førebudde til den første store filmfesten etter #Metoo. Utdelinga av Golden Globe-prisane vart ei politisk markering, som dels gjekk lenger enn det mange hadde sett føre seg. Særleg etter den smålege krangelen om det var rett å demonstrera mot seksuell trakassering med å kle seg i svart, følgt av den avslørande journalistdebatten om det var gale å gje terningkast til kjolane – i år. Sladrespaltistane har ein dryg månad til Oscar med å løysa politisk glamourfest-koden.