Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Gnagande lagnadar

Kva om? Jenny Erpenbeck skriv i ei prangande romanform, men er historisk finstilt nok til å ikkje fortape seg i fantasi.

EKSPERIMENTVILLIG: Jenny Erpenbeck tek livet av hovudpersonen sin fem gongar. Foto: Katharina Behling

Jenny Erpenbeck

Alle dagers ende

Litteratur

Oversatt av Ute Neumann

Forlaget Oktober 2018, 258 sider

To steg fram og eitt attende. Optimistane blant oss vil kanskje rekne dette for å vere ei lovmessigheit: Historia skrid fram, ikkje utan tilbakeslag, men i positiv lei i det lange løp. Jenny Erpenbeck tek livet av hovudpersonen sin fem gongar i «Alle dagers ende», og kan såleis ikkje seiast å høyre til dei mest lettliva og framstegstruande forfattarane. Stemninga i romanen ligg ein stad mellom dyster og melankolsk, og plasserer Erpenbeck mellom Franz Kafka og W. G. Sebald i den tyskspråklege litteraturen. Men Erpenbeck gjenopplivar også hovudpersonen sin fire gongar, og lèt såleis historia halte seg vidare gjennom heile 1900-talet – frå Galicia i 1902 til Berlin etter Murens fall.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen