Dagboka
Moss!
- Fort vekk kan landets neste regjeringserklæring bli skrive i Moss kommune. Sjølvsagt er det ein fare for at Venstre, Frp og Høgre ikkje blir samde, men la oss leggje det til side. Kva slags erklæring blir dette? Fyrst og fremst ei erklæring med djupe, historiske røter. Eg håpar Solberg, Grande og Jensen kallar den for Mossekonvensjonen, etter erklæringa frå august 1814 som blei skrive i den trivelege østfoldbyen. Rett nok var det her det blei klart at Noreg skulle i «union» (tenk at vi godtek å kalle det for ein union) med Sverige. Eg håpar ikkje det blir konklusjonen på erklæringa Frp, Høgre og Venstre legg fram. Mossekonvensjonen byggjer forresten på Kieltraktaten. Bra namn.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn