Leder
Kolberg
- Arbeidarpartiet er i ei djup krise, og situasjonen er verre enn etter katastrofevalet i 2001, sa tidlegare partisekretær Martin Kolberg til Klassekampen laurdag. Han fryktar at Ap er i ferd med å gløyme det ideologiske grunnlaget, og peikar på tre grunnar til valnederlaget: Ap var utydeleg i konflikten mellom arbeid og kapital. Det var uklart om ein ønskte ei raudgrøn regjering. Dessutan vart Ap for likt høgrepartia, etter forlik om forsvar, kommunar, politi og innvandring. Det er oppsiktsvekkande at så krass kritikk, som i realiteten er retta mot dagens partileiing, kjem frå ein som har hatt ein så sentral posisjon. Som partisekretær var Kolberg, saman med daverande LO-leiar Gerd-Liv Valla, sentral i Ap-gjenreisinga etter 2001, sjølv om dei to ikkje vil gi kvarandre noko av æra for dette. Saman med krefter i LO, AUF og på grunnplanet i Ap, la dei kursen ein del til venstre, styrkte banda til fagrørsla – og bana veg for det raudgrøne samarbeidet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent