•«Spillet – hvem liker hvem best – er ikke det viktigste, men saken», sa Trygve Slagsvold Vedum til landsstyret i Senterpartiet denne veka. Ifølge Nationen følgde Marit Arnstad opp med at Sp ikkje skal drive «for mye diskusjon om taktikk og spill». Sp- toppane har lenge tala negativt om det politiske spelet. Da siktar dei til politikarar som er mest opptatt av makt, posisjonar og samarbeidskonstellasjonar. I motsetning til desse slåst altså idealistane i Sp for dei viktige sakene, mot sentralisering og for å ta heile Norge i bruk.