Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skulda

  • «Vær kritisk i valg av kilder, og kontroller at opplysninger som gis er korrekte.» Setninga er å finne i Ver varsam-plakatens punkt 3.2, og handlar om kva slags opplysningar vi journalistar set på trykk. Sist veke skipa Oslo journalistklubb til debatt om Faktisk.no og dei andre faktasjekkarane. I panelet: Einar Lie, professor i økonomisk historie, Camilla Ryste, kommunikasjonssjef for Aps stortingsgruppe, Jan Arild Snoen, Minerva-skribent og Kristoffer Egeberg, redaktør i Faktisk.no. I tillegg innleidde Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund.