Ei lite akta samfunnskraft
Vi hadde eit kunstprosjekt for oss, ei palleløe skulle opp ein laurdag. Det var å by inn til dugnad. Lokke med mat og drikke. Og der kom folk og traktorar, drillar, økser og spett. Snikkarar av fag og villsnikkarar av best slag. Var det ei brennande interesse for kunst som dreiv dei. Nei, eg trur sant å seie ikkje det. Det var ei mengd andre ting som verka i hop: Kjennskap, venskap, ei teneste til gode her og ei der. Vil no hjelpe eller må no hjelpe. Kjekt at nokon bryr seg, moro å vere i lag. Det er mange tråar i samfunnsveven.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn