Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Valkamp

•Valkampens fyrste partileiardebatt var over, og eg spurte to av landets veljarar – ei kvinne og ein mann: Blei de klokare? Kven skal de stemma på? Svaret var unisont, og eg ser føre meg kommentarane som fall mellom dei undervegs i debatten. Det blei for mykje munnhoggeri, sa dei. Programleiarane hadde latt dei ni partileiarane få avbryta kvarandre under vegs under heile debatten, sa dei. Irritasjon var det desse veljarane sat att med etter valkampens fyrste partileiardebatt, og endå var det ein månad att til valet.