Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det viktige i livet: «Ta hand om deg» er eit varmt handslag med ein avdød venn.

Omstart

Lars Ove Seljestad sin forfattarskap handlar mest om menn, og gjennom fleire bøker har han sett ord på mang ei mannleg kjensle som nokre vil hevde har vore underkommunisert – i arbeidarfellesskapen, i far-son- og son-far-relasjonar, og sist i skildringar av sjølvmordet i «Kjære bror» (2014). Seljestad har skrive fleire romanar, men også dikt og essay, og i «Ta hand om deg» er han på veg vidare i litteraturen med sine gamle tema og motiv: Sjølv om han både har lagt fram og lagt til grunn personlege erfaringar, til dømes i essayboka «Bastard» (2006) og i meir fordekte former i romanane, er «Ta hand om deg» den mest personlege boka hans til no. Den handlar om Lars Ove, som strevar med skrivinga, og som har ein forfattarvenn, Jan Roar, som går bort. Men den handlar også om å bli og vere far, og om å vere stefar i ein ny familie.