Anestesilegen Carla opplever det vi alle fryktar, å ikkje yta det vi kan best når det verkeleg gjeld.
Det er normalt å vera i sjokk etter ei bilulukke. For den 60-årige anestesilegen Carla er det likevel skilsetjande at ho ikkje er i stand til å mobilisera all sin kunnskap og erfaring når det verkeleg gjeld. Ho kunne ikkje ha sett issvullen på vegen, men kunne i teorien ha berga livet til passasjeren sin. I staden blir Carla sitjande som lamma og sjå at livet ebbar ut av den 26-årige Synne, fordi strupen er blokkert og ho ikkje får pusta.