Arv og anleggsarbeid
Språk og liv: I Adelheid Seyfarths nye roman finst det restar av håp blant dei håplause.

Adelheid Seyfarth
Den hvite elgen
Roman
Aschehoug 2017, 316 sider
Adelheid Seyfarths fjerde roman «Den hvite elgen» er tettpakka med språk og liv. Historia om Robert Langberget, ein anleggsarbeidar som vekependlar frå Grue i Finnskogen til hovudstaden «innafær», spelar seg ut på kryss og tvers av den «opprevne sårkanten mellom bygd og by». Lausarbeidet sikrar Robert småpengar til livets opphald, men fører også med seg sinne og sjukdom, som får utslag i ei rablande forakt for alt som er urbant, og i ein dødsangst som herjar i kroppen og sinnet hans gjennom heile romanen, før den mot slutten blir sett ord på: «’[J]eg skal dø’. Faen så skremmandes ord når dem uttalas på fint vis». Adelheid Seyfarth vil hovudpersonen sin inn på livet.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent