Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eigenart: Judith Hermanns nye noveller gir lesaren meiningsfyllande arbeid.

Livstilstandar

Oppfinnsam: Judith Hermanns fjerde novellesamling er ute i norsk omsetjing. © Foto: Juergen Bauer

Forteljingane i Judith Hermanns fjerde novellesamling «Lettiparken» er oppfinnsame på eit uvanleg og stillferdig vis. Dei kan handle om nær sagt kva som helst – om å skufle kòl, adoptere eller brette papirfly – og går føre seg i svært ulike miljø. Dei viser menneske og livssituasjonar som verkar framande på meg, men sjølv om den rike variasjonen mellom novellene utvilsamt har kravd fantasi, kunne eg aldri ha funne på å kalla dei fantasifulle. Til det er Hermanns metode for stødig og lik frå novelle til novelle: Ho gjer lesaren raskt fortruleg med dei høgst ulike liva ho viser fram, og får oss til å kjenne oss innforståtte med korleis dei lèt seg leve.