- 1. mai-markeringane landet rundt viste at den norske arbeidarrørsla står sterkare og meir samla enn i mange andre land. Internasjonalt er banda mellom fagrørsla og partia på venstresida svekt. I fleire land ser vi at venstrekreftene er på defensiven, mens høgrepopulistar forsyner seg av tankane og veljarane til venstresida. I Norge er derimot veljarane i ferd med å vende ryggen til den mest høgreorienterte regjeringa vi har hatt. I går viste fagrørsla, med LO i spissen, at dei vil mobilisere sine eigne medlemmer for å kaste Høgre og Frp ut av regjeringskontora ved valet til hausten. «Reduser forskjellene – H og Frp ut av regjering – Stopp velferdsprofitørene», var hovudparolane på Youngstorget i Oslo.
Samhaldet
Leder