Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I dag

På Smorgon stasjon

Framme i vogni på toget millom Minsk i Belarus og Vilnius i Litauen kjem stasjonsnamni på fire språk: russisk, belarusisk, litauisk og engelsk. So sig me inn mot Smorgon stasjon i Belarus, og me fer franum eit godstog som er langt og lengre enn langt, og på kvar vogn står blåe traktorar. Det vil liksom ingen ende ta, og ei røyst inne i hovudet mitt kjem ikkje til. Her er ein fin stasjonsbygning. Å, du store mi tid! Attum stasjonsbygningen er eit hav av blåe traktorar. Eg har aldri sett makjen. Ein stad i nærleiken lyt det vera ein ovstor fabrikk. Røysti i hovudet mitt held no heiltupp munn.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?