Ingrid Melfald Hafredal
Harehjerte
Roman
Forlaget Oktober 2017, 262 sider
Kollektivromanen er ein krevjande sjanger, men har også eit eige potensial, fordi personane må knytast til kvarandre, ofte gjennom noko – ein heimstad, ein arbeidsplass, ein institusjon – som kan seie mykje om kva slags samfunn vi lever i. Kollektivromanar kan lesast som ein einskild flik med eksempelets makt – slik ser arbeidslivet, Bygde-Norge, bustadblokka eller sjukehuset ut – eller som del for heilskapen – slik behandlar vi som samfunn dei som er annleis. I alle variantane kollektivromanen kan ta, ligg det føre ein premiss for å skrive om menneskelivet: Den insisterer på at individet ikkje er nok.