Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I austerveg

Han bykste over

I 1989 vart Islam Karimov fyrstesekretær i kommunistpartiet i den sentralasiatiske sovjetrepublikken Usbekistan. Allereide i 1991 var det slutt. Sovjetsamveldet brotna, men fyrstesekretæren bykste lettbeint over brotet, og same året vart han vald til fyrste presidenten i det sjølvstendige Usbekistan. Og hoppande over brotet etter Karimov fylgde den kommunistiske styringskrinsen og vart verande i makt og velstand med anna partinamn. Dei hevda at under sovjettidi hadde dei vore ein tilsidesett utkant under Moskva, og at dei hadde stridd og lidd for folket i Usbekistan mot sentralmakti. Difor hadde dei rett til å styre vidare, og Karimov sytte for ein moderne grunnlov med mange nok hol til at han kunde byggje upp eit autoritært hardstyre.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen