«Fienden ligger alltid til høyre, Gustavsen, husk det», sa Arbeiderpartiets statsminister i 1928 Christopher Hornsrud til Finn Gustavsen en gang i historien, trolig den gang Hornsrud ville samarbeide med sosialistene.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Høyre vil at Språkrådet ikkje lenger skal stå for normeringa av målformene. Det er lite demokratisk.
Ei privatisering av språket
Kronikk
I Noreg har vi tradisjon for at språknormering er ei offentleg oppgåve. Ivar Aasens landsmål oppstod som ein motreaksjon mot at dei lærde mennene i byen skulle styre språket etter sin «dannede dagligtale». På 1900-talet var det slik at både bokmål og nynorsk blei normert under politisk styring. Frå 1951 har det organet som nå heiter Språkrådet, tatt seg av denne oppgåva. I breie kretsar utanom Riksmålsforbundet har dette vore akseptert; dei to språka er jo noko vi eig i fellesskap.