Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Togtull

Her står eg med sekk på rygg og gråt i hals på Hamburg Hauptbahnhof. Eg står, og toga står. Klokka nærmar seg midnatt, og det er kø av sinte passasjerar framfor skranken. Wir streichen! Det høyrest ut som eit slagord frå 70-talet, men det er altså togstreik i Europas største land. Hauptbahnhof kan fortone seg som eit halvt helvete for den som er mest vant med Trønderbanen og Skatval stasjon, som ikkje er stasjon lenger, berre eit skur der nord avinden bur.