To menneske aleine i verdsrommet.
Morten Tyldums oppfølgjar til Oscar-suksessen er vakker, men historia er uferdig.
Strøymetenestene tar eit kvileskjer i jula.
To dagar før jul ligg det ei forskrudd trøyst i å sjå at nokon ligg dårlegare an med førebuingane enn ein sjølv. Den store amerikanske komedieskaparen frå 1980-talet, John Hughes, står for manus på «Hjelp, det er juleferie!» (1989), som sjølvsagt er tilgjengeleg både på tv og Netflix. Chevy Chases overbelasta stikkontakt til julelysa er alt eg treng å sjå for å ladda ut julestresset. Det er likevel oppsiktsvekkjande kva for ei offerrolle den gifte, kvite familiefaren vart sett i på 80-talet, samstundes som amerikansk patriotisme blir raljert med på eit vis som ville vore utenkjeleg i dag.