Den kaotiske røynda
Bruken av private erfaringar i litteratur kan vere eit opprør mot den positivitetsfikserte tidsånden.

Kjensler både oppstår i og konstituerer den flytande grensa mellom biologi og ånd, individ og fellesskap, sant og usant. Kanskje er det difor vurderinga av uttrykk for kjensler i litteraturen er så nådelaus: Ein tekst som ikkje appellerer til kjenslene, er keisam. Ein tekst som appellerer til kjenslene på den rette måten, og då særleg til vår humoristiske sans, kan oppnå enorm popularitet. Ein tekst som spelar for mykje på kjensler, er i beste fall sentimental, i verste fall latterleg. Aller dårlegast rykte har kanskje dei tekstane kor kjenslene vert oppfatta som politisk ladde.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn