Augeblink utan ende
Dokument: I «Amundsen» forsøkjer Espen Ytreberg å byggje ut fakta med fiksjon.
Espen Ytreberg
Amundsen. En roman
Roman
Tiden 2016, 236 sider
Espen Ytrebergs debutroman heiter «Amundsen», men handlar mest om Roald – frå han er ungdom og ser Fridtjof Nansen kome heim frå Grønland til han tjue år seinare sjølv returnerer frå Sørpol-ekspedisjonen og reiser rundt og held føredrag. Kontrasten mellom mannen og myten er merkbar, men ikkje det einaste som står på spel her. I «Amundsen» synest Ytreberg like interessert i å vise lesaren korleis ein mediesensasjon blir til. Amundsen var sjølv aktivt med på å dokumentere og formidle reisa til Sørpolen – gjennom fotografi, film, føredrag, avisartiklar og bøker – og Ytreberg skildrar korleis han både skapte og mista grepet om sin eigen sensasjon.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent