Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ulmande klassekamp: av Hermann Ungar rører ved evigaktuelle spørsmål om tru, frykt og samfunn, og er ei viktig utgiving også no.

Levande i verda

Hermann Ungar

Klassen

Roman

Oversatt av Sverre Dahl

Teori og Praksis forlag 2016, 184 sider

Frykta for at eins undersåttar skal gjere opprør kan gjere ein diktator til ein tyrann – noko historia har vist oss gong på gong. I romanen «Klassen», som no er ute på norsk i Sverre Dahls utmerkte og presise omsetjing, gir den tyskspråklege forfattaren Hermann Ungar oss fleire døme på det i ein evigaktuell tematisering av makt og avmakt mellom menneska og mellom mennesket og Gud.