Hermann Ungar
Klassen
Roman
Oversatt av Sverre Dahl
Teori og Praksis forlag 2016, 184 sider
Frykta for at eins undersåttar skal gjere opprør kan gjere ein diktator til ein tyrann – noko historia har vist oss gong på gong. I romanen «Klassen», som no er ute på norsk i Sverre Dahls utmerkte og presise omsetjing, gir den tyskspråklege forfattaren Hermann Ungar oss fleire døme på det i ein evigaktuell tematisering av makt og avmakt mellom menneska og mellom mennesket og Gud.