Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Viktig: Joanna Rzadkowska gir ei viktig påminning om korleis kroppane våre går inn i ei forhandling med omverda.

Fremtidens glød

Joanna Rzadkowska

Luftmensch

Dikt

Bokvennen 2016, 54 sider

For 25 år sidan var det mykje snakk om virtual reality, om rørslesensitive skjermbriller og diodar, simulert røyndom. Men superverdene kom aldri til oss. I staden spreidde virtual reality seg ut i den verkelege verda. Studentene flashar fram og tilbake mellom førelesinga eg held og det som går føre seg på nettet, og folk spring rundt i gatene på jakt etter japanske teiknefilmfigurar.