Under vasskorpa
Dunkelt kvardagsunivers: Thomas Marco Blatt har skrive ein stillferdig medrivande roman.
Det er ikkje lett å seie om det er fortida som stig opp og flyt inn i notida i Thomas Marco Blatts «Varsjøen», eller om det er notida som synk attende i fortida. I alle fall står forteljaren Morten Bodrum i fare for å vikle seg fast i hendingar både i fortid og notid. For meir enn tjue år sidan døde den tre år eldre broren hans, Markus, i ei badeulykke ved Varsjøen, og no blir Morten kontakta av ein av dei som var der den dagen, ein som hevdar å vite kva som eigentlig skjedde. Samstundes er Morten plaga av det kona hans kallar «situasjonen vår»: Morten har fått sparken frå bruktbilforretninga, og i over eit år har han tusla rundt heime utan å gjere stort. Men Morten opplever ikkje «situasjonen vår» som sin situasjon, og handlingane hans er styrte av hendingar som Ragnhild knapt veit noko om – og som lesaren må vente utolmodig på å få vite meir om. I mellomtida får ein sjå at dei tvingar fram nokre usympatiske og utilreknelege sider ved forteljaren.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn