Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå samfunnsstyring til detaljstyring.

Krise i skolen!

Her om dagen annonserte rektor for lærarkollegiet at skolen skal utsettast for tilsyn, for å sjekka om me «arbeider systematisk med optimalisering av elevane sitt læringsutbytte». Reaksjonane varierte frå latter til resignerte skuldertrekk, og nokre kunngjorde at det var på tide å gå av med pensjon. Min første tanke var at dette er jo sjølve jobben vår, berre uttrykt på ein vanskeleg måte. Kva trur desse byråkratane at me held på med til dagleg?