Eit rikt liv
Ein dag etter eit særdeles vellukka tannlegebesøk var eg i så godt humør at eg bestemte meg for å leva i min alder, utan den skamma som vanlegvis gjer den klebrig. Tannlegen er ein storarta ung mann som truleg ved eit uhell har sloppe unna ein ADHD-diagnose. Difor kan han utfalda seg i vill glede for alle, ikkje minst pasientane. Altså førte mitt gode humør meg til eit svært uhipt treningshus, der eg spurde om dei hadde gymnastikk for gamlinga. Javisst, synte det seg, og i overmot signerte eg på ein årskontrakt. Utan å sjå meg attende kom eg meg ut på gata, svimlande glad over å ha tatt grep om livet mitt. Endeleg.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent