Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Utan viten og vilje
De nære ting
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/1bbc6a998e9407c4781657bb993977a8a39843bc-1400x1010.jpg?w=1400&q=80&auto=format)
Å vera medviten om ting og det å ha kunnskap om noko kan gi oss ei god kjensle av å ha kontroll. I alle fall fram til behovet for kontroll får kontroll over oss! Det å lære seg å takla mangelen på kontroll er ikkje så lett. Men når ein vil kontrollera det ein ikkje kan kontrollera, får aktiviteten lett noko krampaktig over seg. Behovet for kontroll kan i visse tilfelle visa seg å vera sjølve problemet folk strir med.