Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om menneske og muslingar

Eg vil skrive litt om perler, og for å skrive om perler, må ein òg skrive om muslingar og menneske. Dei er tre sider av same sak. Muslingen er eit blautdyr, og for å verne seg mot fare, lukkar han kroppen sin. No og då kan det hende at det kjem eit framandlekam inn i muslingen, slik det ofte gjer med slikt som opnar og lukkar seg. Og nokre gonger skil muslingen ut ein substans for å kapsle inn irritasjonen.