Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utnyttinga føregår på mange plan.

Lydige tenarar

Tintin: Herre eller tenar?

Det kan sjå ut til at så snart menneska får økonomi til det, skaffar dei seg nokon til å ta alle dritjobbane, slik at dei sjølve kan via seg fullt og heilt til personlege interesser. I og for seg er det ingenting gale med det, i alle fall ikkje så lenge tenarskapet nyt slik akting som i fjernsynsserien Downton Abbey. Der er kokka og hovmeisteren like stolte og standsmedvitne som herren og frua, og når personalet frå underetasjen møtest med herskapet ovanpå, skjer det i ein atmosfære av gjensidig respekt.