Sporten
- Og no: Sporten. Denne helga måtte verda tole nok eit sår då 49 personar frå det skeive miljøet blei skotne og drepne på utestaden Pulse i Orlando. Homofile er framleis fritt vilt i mange delar av verda, men denne gongen var det ikkje Russland eller Uganda, men USA som viste oss kor gale det kan gå. To saker i Dagbladet har opprørt meg desse dagane: I etterkant har det blitt reist krav om at Uefa kunne vist solidaritet gjennom å nytte regnbogeflagg som hjørneflagg under kampane i fotball-EM for herrar i Frankrike. Dette har dei avvist. Kanskje ikkje så rart: Det er ikkje meir enn to år sidan Fotballforbundet her heime nekta publikum å vifte med regnbogeflagg under ein landskamp mot Russland. I fotballmiljøet, som framleis slit med store fordomar mot skeive, er sjølv slike symbolske gestar å strekkje seg for langt. Og når verdas mest likestilte land ikkje kan tillate noko slikt, kvifor skulle ein gjere det i EM?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn