Vi er nesten ved veis ende i den lokale behandlingen av regjeringens storstilte plan for kommunesammenslåinger. Rundt tre firedeler av de over 200 kommunene som har hatt folkeavstemninger, har stemt nei til sammenslåing. Mønsteret har vært at kommuner som ville fått det framtidige senteret, ofte har stemt ja, mens de omkringliggende kommunene har sagt nei. Derfor vil det ikke bli like mange sammenslåinger som det er blitt ja i folkeavstemningene. Ut fra folkeavstemningene og kommunestyrevedtak kan det ligge an til å bli rundt 40 færre kommuner. Da får Norge omtrent 385 kommuner.
Og no: Sporten. Denne helga måtte verda tole nok eit sår då 49 personar frå det skeive miljøet blei skotne og drepne på utestaden Pulse i Orlando. Homofile er framleis fritt vilt i mange delar av verda, men denne gongen var det ikkje Russland eller Uganda, men USA som viste oss kor gale det kan gå. To saker i Dagbladet har opprørt meg desse dagane: I etterkant har det blitt reist krav om at Uefa kunne vist solidaritet gjennom å nytte regnbogeflagg som hjørneflagg under kampane i fotball-EM for herrar i Frankrike. Dette har dei avvist. Kanskje ikkje så rart: Det er ikkje meir enn to år sidan Fotballforbundet her heime nekta publikum å vifte med regnbogeflagg under ein landskamp mot Russland. I fotballmiljøet, som framleis slit med store fordomar mot skeive, er sjølv slike symbolske gestar å strekkje seg for langt. Og når verdas mest likestilte land ikkje kan tillate noko slikt, kvifor skulle ein gjere det i EM?