I den overraskande bra «Deadpool»-filmen (2016) sagar super-antihelten med samme namn av seg si eiga hand for å kome ut av nokre handjern. Kort tid etterpå gror han ut ei ny, halvgjennomsiktig babyhand. Med det gjer han noko som forskarar håper på å få til ein gong i framtida: Fullstendig reproduksjon av kroppsdeler. Utifrå dette kan vi konkludere med at Deadpool sine krefter er tungt stamcellebaserte.
I ein lab i Bergen skjer det ting som kan få superheltfilmar til å bleikne.