Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I ein lab i Bergen skjer det ting som kan få superheltfilmar til å bleikne.

Stamcelleheltar

Stamcellekrefter: Snart kan forskarar realisere superkreftane til Deadpool frå filmen med same namn (2016), skriv Øystein Runde. Foto: 20th Century Fox

I den overraskande bra «Deadpool»-filmen (2016) sagar super-antihelten med samme namn av seg si eiga hand for å kome ut av nokre handjern. Kort tid etterpå gror han ut ei ny, halvgjennomsiktig babyhand. Med det gjer han noko som forskarar håper på å få til ein gong i framtida: Fullstendig reproduksjon av kroppsdeler. Utifrå dette kan vi konkludere med at Deadpool sine krefter er tungt stamcellebaserte.