Motoren sloknar midtfjords, fem hestar orkar ikkje meir, riv laus dødmannsknappen, kastar fiskesprett med netthinna, ut, over fjorden, skit i alle basunar, ha appelsiner i alle trompetar, kom ikkje til meg med trombone, dei kan peike så mykje dei vil, opp, opp, mot ein litt høgare himmel, tenkjer, betre her, keivhendt med heile kroppen, tenkjer, kvar er du når eg er borte, kvar er du når eg er her, vinke til padlarane, som nett no glir forbi, tenkjer, det kjem til å gli ut, dette kjem verkeleg til å gli ut, eitt svart hol, der alle kan gå under, så, eg reiser meg i tankane, hyter ein tenkt neve, rakrygga nok, ropar i mitt indre, inn bak der det pumpar blod, hei, du, eg snakkar til deg, du, deg, som eigentleg er meg, eg, og eg spør deg, meg, er det noko styrke att her inne, er det noko styrke att, her, og svaret er i sanning stille, svaret er eit einskild nei, og eg døyver punkteringa, med språkleg kløkt, no, når motoren slurar, ein gong for alle, og fem hestar ikkje orkar meir, og eg har skite i alle basunar, hatt appelisner i alle trompetar, eg klemmer inn pumpa, ein ørliten belg, pumpar drivstoffet opp bak bringa, det vesle som er att, blod er i sanning ei særskilt saft, og eg tenkjer, eg, som indianarane sa, ved Manitu, eg er meldinga, I am the message, eg fortel meg sjølv, så retorisk eg berre kan, utan å vite svaret, noko orakel er eg heilt klart ikkje, hadde padlarane spurd, og vore eskimoar, hadde dei då fått vere, hadde dei då fått bli, eg veit ikkje, eg kan ikkje svare, eg sit så godt i det, så godt sit eg i det, at alt eg kan gjere er å vise fingeren til måsen, så difor tek eg mot til meg, og viser fingeren til måsen, fuck you, tenkjer eg, fuck you, Rissa tridactyla, kunne eg ha ropt, men fuglen flyg, og eg