Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

Å komprimera ein by

Ideal: Modernismen har gjort byane stygge og mennesket ulukkeleg. Dagens by skal tuftast på menneskeleg målestokk.

Dårleg planlegging: Amygdala i hjernen sender signal om ubehag i møte med harde og hakkete kantar, som desse i New York. Mennesket likar det mjuke, runde. Foto: Timothy A. Clary, AFP/Scanpix

Sjølv om du aldri har vore på Raglamyr utanfor Haugesund, så har du vore der. Raglamyr er ikkje noka myr lenger. Raglamyr er tungt asfaltert og dekt med plasskrevjande næring: Det største kjøpesenteret i omland, engros, diverse terminalar og butikkar i Jysk-segmentet. Ditt Raglamyr ligg ved hovudfartsåra inn til byen din. Det ligg i behageleg bilavstand frå alt. Staden flyt utover. Kantane er borte, grå asfalt går over i grå fasadar. Fasadane på bygga ser ut som baksider. På Raglamyr er logikken borte: Du må køyra til høgre for å komma til venstre. Her finst ingen snarvegar eller himmelretningar. Det er berre tolv pedagogiske flaggstenger som fortel deg kor du er.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?