Takk for no, Groruddalen?
Regjeringa vil ikkje vidareføra gratis barnehage i Groruddalen, trass i at det er ein integreringssuksess.

Rundt år 2007 fekk alle 4- og 5-åringar i Groruddalen tilbod om gratis halvdagsplass i barnehage, uavhengig av familien si inntekt eller etniske bakgrunn. Dette var finansiert av deler av det statlege bidraget til Groruddalssatsinga. Evalueringa av ordninga frå Fafo seier at ordninga har bidrege til at rundt 15 prosentpoeng fleire ungar går i barnehage. Auka har stort sett kome blant ungar med minoritetsbakgrunn. Prisen spelar altså ei stor rolle for om ungane går i barnehage eller ikkje. Dei ungane som har gått i barnehage, får betre resultat på skulen, både i norsk og andre fag.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn