Folkeopplysning
Omsetting: Hadde ikkje Beauvoir kome ut i ei forkorta utgåve, ville ho ikkje fått same symbolverdi.
Rundt omkring på norske universitet og høgskular vert det forska på omsettingar. På spanske, persiske, kinesiske, nynorske, bokmålske. Omsettingsstudium er ikkje noko som går føre seg i periferien av lingvistikken eller litteraturvitskapen: Det står midt i kryssinga mellom desse humanistiske faga, og fleire til. Omsett litteratur seier, som annan litteratur, noko om samfunnet han oppstår i, om tendensar og (sosiale) rørsler. Ein snakkar om bølger eller vindar, som var desse rørslene naturfenomen. Men rørslenes minste bestanddelar er enkeltpersonar, og dei kjem også til syne når ein studerer utgivingar av omsett litteratur. At dette engasjerer, kan ein sjå av dei godt besøkte Oversatte dager, som fann stad i helga på Litteraturhuset i Oslo, i regi av Norsk oversetterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn