Tru på framtida
Varsel: Dystopien var ein populær sjanger i tida før andre verdskrig og den kalde krigen. I desse dagar livnar han til igjen.
Menneska har moglegvis alltid opplevd å leve i dei ytste tider. I sin underhaldande bok «Sapiens – en innføring i menneskehetens historie» forklarer Yuval Noah Harari Europas framgang dei siste 500 åra med at ein byrja tru på framtida. Tidlegare, og i andre rikare og mektigare delar av verda, mintest ein gullalderen og hadde ei førestilling om korleis alt etter den var blitt verre og verre. Det umogleggjorde eit fungerande kredittsystem – kvifor skulle ein risikere eigendelane sine i noko som først ville gi avkasting i framtida? Då skulle jo alt uansett vere enda litt verre. Då nederlandske kjøpmenn på slutten av 1400-talet braut med dette dystre verdsbildet og byrja låne ut pengar til fordelaktig rente, vart grunnen lagd for den eineståande utviklinga menneska har opplevd sidan.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn