Vaskehjelp
- Klassekampen skreiv laurdag om fenomenet vaskehjelp i private heimar. I artikkelen «Hun gir tid til å tenke» vart tenketankleiarane Kristin Clemet (Civita), Marte Gerhardsen (Agenda) og Cathrine Sandnes (Manifest) intervjua som kundar i ein vekstbransje. Reportasjen har skapt dels sterkt kjensleladde reaksjonar i sosiale media. For det første blir det reagert på at det er antifeministisk å intervjue tre kvinnelege leiarar med vaskehjelp, fordi det er menn som i uminnelege tider har halde seg med kvinner som gjer reint. Vi burde heller intervjua mennene til tenketankleiarane eller mannlege leiarar. For det andre blir det skrive at reinhald ikkje skil seg frå andre tenester vi kjøper, som levering av mat, og at dette er uproblematisk så lenge lønns- og arbeidsforholda er ordna. Kritikarane meiner også at artikkelen osar av moralisme.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn